fredag 24. desember 2010

Snart Julaften ♥


No e julatreet endelig pynta, å julefreden har senka seg i huset vårt.
Kjenne at det er godt å endelig være i mål.

Da ska bli godt å sette seg ned i morgen å berre slappa av, å nyte glade unger, god mat og forhåpentligvis fornøyde voksne : ) 
Guttene har nett gått i seng, 
å er så spente på morgen dagen
sjølv om dei begynner å bli ganske så store.




Vil med dette siste bilde få ønske alle ei


Juleklem fra Min Lille Verden

mandag 20. desember 2010

Laminerte serviett-lykter





















Har pynta hylla utpå trappa, 
med mine serviett lykter.
Blei koselig i kulden og mørket.
Synd den rette stemninga ikkje kom skikkelig fram på bildet.


Ny tv-benk























No er endelig tv-benken min ferdig malt : ) 
Blei så førnøyd! 
Det var jo egentlig ikkje så vanskelig
å bli fornøyd. 
Sidan den gamle benken var altfor liten til Tv`n.


Denne benke var eit funn 
eg gjorde på brukt butikken. 
Den var i brunt treverk men var så slitt,
at eg blei nøgd til å male den.
Sidan me har så lita ei stove, 
måtte eg ta av dei orginale beina.
Eg bytta dei ut med hjul frå Biltema, 
ikkje så fint men det funke bra.
Så no kan me snu tv`n etter kva sofa me sitt i.


onsdag 15. desember 2010

Hjelp!!!




Min mann blei så glad i dag, når bror hans kom med førjulspresang til han.
På bilde ser dåke ka så møtte meg då eg kom heim fra jobb i dag.
Verdens styggaste lyslenke, er det mulig?? Min mann var selvfølgelig overbegeistra.....
Her må det jo være lov å komme borti ledningen heilt tilfeldig med ein avbitar??
Selvfølgelig likar eg julelys, kanskje ikkje overbegeistra for dei med fargar. Men kan godta dei små lysa, å då bør det være gjenomført og stiligt.
Men desse lysa er jo store som snøballar (får frysningar på ryggen) og passer IKKJE inn i mi stove.
Mannen snakkar til og med om å henge dei på juletreet, å ungene er heilt enig (HJEEELP).
Må nok komme opp med ein god avledningsmetode her, trur nok eg må gå inn for å få dei opp i loftstova,  der hadde dei nok passa veldig godt inn!!!
 Eventuelt ute (hmm, kanskje dei ikkje tåler regn...?...)

mandag 13. desember 2010

Knall gode rundstykker



Har virkelig fått ånda over meg, så no har eg fått baka meg ein ny porsjon med rundstykker. 

Er så kjekt å ha i frysen. Eg pleier å bake desse kvar jul og påske.

Dei er utrulig gode, og så er dei så enkle å bake.

Her er oppskrifta

100g  margarin (smeltes)
8dl   melk  (varmes sammen med smøret til 37`C)   
50g  gjær
50g sukker
1kg hvetemel

Løys gjæren opp i vesken og rør inn mel og sukker.
Eltes ca 5 min i kjøkkenmaskinen.
Hev deigen i ca 30-40min.

Del deigen i 2 deler, kjevle ut til en firkant som brettes sammen 3 ganger. Skjær ut i passende deler.
Legg på plate og etterhev til dobbel størrelse.
Pensle med egg og dryss på valmuefrø.

Stekes på varmluft 200`C i 10-12 min

Eg pleier å doble oppskrifta da blir det ca 42 stk.
              

Nokre julebilder fra meg : )


No har eg endelig fått pynta litt utpå trappa mi.
Det er så kjekt å pynte og styre no til jul : )

 









Her er nokre bilder fra gangen og stua mi.



       Dette er julekalenderene til gutane mine  
som ein kan sjå på stoff-fargane,
        så laga eg desse på begynnelsen av 2000 tallet.  
Synest dei er koselige,
sjølv om dei ikkje er heilt up to date i fargane : )






Bildet av dei tre visemenn, har eg sydd sjølv 
etter inspirasjon frå eit quilteblad.
Det er nok 10 år siden eg laga det og.




Her er nokre bilder fra stua mi,
ser at eg har noko å jobba med når 
da gjeld å ta bilde og å få da retta lyset.
 Men, men eg får berre prøva å feila litt til.



No skal eg opp på loftet, å male eit nytt strøk 
på benken eg kjøpte på bruktbutikken for ei stund sidan.
Den skal bli kvit og fin : )
Den skal eg bruke som Tv-benk nede i stova mi.
Skal bli så godt å få skifta ut den gamle!!!
Den blei altfor liten etter at min kjære mann, 
kjøpte altfor stor Tv.
Skjønner ikkje heilt poenget med å ha så stor Tv eg.
Men har forstått at da e ein manne ting da der med store tv`ar.




fredag 10. desember 2010

Eit mislykka lue prosjekt ?

For eit par dager siden, starta eg på nytt prosjekt : )
Eg skulle strikke meg ei ny lue. Lite viste eg om at det skulle være  så vanskelig.....
På bilde over ser dere faktisk den nye lua mi (hi,hi) Den blei litt smal å trang, kan man si.
Men eg nekta å gi opp, så når eg var kommen over halvegs måtte eg berre innsjå at dette var eit nokså mislykka prosjekt.
Men i min stille fortvilelse, kom eg til å tenke på ein blogg eg hadde vært innom.
Der hadde dei tredd strikka ting utpå eit syltetøyglass. Det var enten brukt som ein vase eller ei lykt. Ganske så stiligt egentlig.
Så dette blir mi nye adventslykt, kanskje den skal få stå utanfor, så godt kledd som den er : )












tirsdag 7. desember 2010

Min søteste Nisse


Denne gamle å søte Nissen er den finaste nissen me har.
Min mann har arvet den fra sin Farmor.
Synest den ser så snill ut : )
Den har fått sin plass på benken i gangen vår.
Det broderte bilde som heng over han,
har eg fått av min kjære svigermor.
Trur det er ho som har brodert det.


søndag 5. desember 2010

♥ Søndagskos ♥

I dag er det 2. søndag i advent, å me kosar oss inne i varmen.
Eg laga noken små kaker til kaffien i dag som er kjempegode
og så er dei så flotte å dekorative... nam,nam

Kakefatet kjøpte eg på Kid før jul i fjor,
og da e rett og slett "Delicious".

lørdag 4. desember 2010

Har fått pakke i posten : )




Har fått pakke i dag!
Eg var så heldig å vinna 
på Giveaway`en til
Niccos hus :)
Eg er super fornøyd,
det var akkurat min stil.
  


  Her kjem noken julebilde fra kjøkken kroken min :)




                                   
Synest det er så vanskelig å ta fine bilder,
eg skulle nok hatt meg eit kurs....




Hadde nok og hjelpt med eit litt bedre kamera.
Speilrefleks kamera står nok øverst på mi ønskeliste i år.....

 

 Ønsker alle en fin Lørdagskveld.

Klem fra meg


onsdag 1. desember 2010

Det skjedde i de dager.....




Har allerede tatt fram julekrybba mi,
eg klarer ikkje venta med noko, 
eller jo juletreet kjem ikkje inn i huset heilt endo : )



For nokre år sidan meldte eg meg på eit keramikk kurs,
Det var der eg laga og mala de tre visemenn og engelen til julekrybba.
Maria og josef fekk eg til jul av ei veninne så dei er nok kjøpt i butikk.



Det er så koselig med denne førjulstida. Snart har eg fått all julepynten på plass,
å då er berre te å setta seg ned å nyte pynten,
  og alle dagane/kveldane så går så fort fram mot jul...... 
Eg elskar denne tida


Størst av alt er kjærligheten

I dag e da 1 desember, og første luka i kalenderen skal opnast :)

1 desember e ein spesiell dag for meg og min kjære mann,
Me har 9 års brullupsdag i dag.

Gratulera med dagen min kjære,
love you

torsdag 25. november 2010

Snart Advent


No er det snart Advent,
Har endelig fått stæsja opp min
fine adventstake fra Kid : )
Var ute i skogen i går å plukka masse mose.
Fann og eindel greiner fra Edelgran, 
dei skal eg lage meg eit par kranser av.
Gleder meg ; )
Har og fåttt laga meg ein stor ball av mose,
som eg skal ha i ei blomsterkrukke,
den blir super fin.
Skal vise bilde når eg har fått pynta opp inngangspartiet mitt.




mandag 22. november 2010

Lappedilla

Endelig er eg ferdig med mitt lappe prosjekt :)
Det er lenge siden eg bestillte stoffene
på Stoff og Stil.
Det må ha vært i fjor sommer...
Ting tar vist tid her hos meg,
men no er det endelig ferdig.
Teppe skal eg gi bort i bursdag/julegave
til mitt lille tantebarn.
Er faktisk godt i gang med pakke kjøp,
så kanskje eg klarer å unngå det store pakke stresset i år? 
Det hadde vært supert : )



lørdag 20. november 2010

Nye Gardiner

No har eg endelig klart 
å få ferdig gardinene til stua mi.
Det er en stund siden eg starta på dei,
men blei liksom aldri ferdig.
Men i dag fekk eg tid.
Litt uvant med berre kapper på stua,
men trur nok at eg blir fornøyd.
Skal ta eit bedre bilde når eg har fått pynta til jul.

onsdag 17. november 2010

Nesten ferdig pynta




No er kremmerhusa eg laga tidligare nesten
ferdig pynta,mangler bare oppheng.
  Dei skal få lov til å bli med meg
ut i "Grillhuset" mitt.
Har tenkt å pynte litt der ute til jul.
Skal vise bilder når eg har fått stæsja da opp.
Men enda er det litt tidlig å begynne pyntinga....
Men neste helg då skal eg starte.
Glede meg : )


tirsdag 16. november 2010

Julepynt


Ser det er mange ute i bloggverden som har laga forskjellige
varianter av sånne som dette : )
Så eg blei frista til å lage noken eg og...

♥ Dei blei jo ganske søte ♥

mandag 15. november 2010

søndag 14. november 2010

Salg hos Mestergrønn :)



Når eg skulle å handle i går "MÅTTE" eg gå forbi Mestergrønn sin butikk.
Å heldig så eg va hadde dei 
ei heil hylle med 70% salg.  
Der sto det 2 sånne flotte blomsterkrukker 
å smilte så fint til meg. 
Ein klarer  jo ikkje å gå forbi sånne flotte smil : )

Synest den mosegrønne fargen er nydelig.....





Før og Etter

                          

Desse rammene var eit funn eg gjorde på vår lokale bruktbutikk, synest dei er så fine. 
Noken av dei har eg mala kvite, og fjerna stoffbildet som var i ramma. Under bildet var det ei fin treplate som eg her har mala med tavlemaling og skreve tekst på.

fredag 12. november 2010

Gåve frå min snille søster


  
Søteren min med famile var på besøk hos oss i høstferien,
å då fekk eg desse små drammeglassa på"sølvbrett" i gave frå dei.
Dei var på sommerferie i Sverige og var i den anledning innom nokre bruktbutikker.
Det var der ho kjøpte dette settet til meg.
Det er heilt nydelig, å tenk ho betalte ikkje meir enn 50kr for det.
Eg veit jo kor eg vil på ferie til neste år,
problemet er berre å få plass til alt det eg vil ha.
Burde kanskje innvestere i ein større bil, 
kanskje ein "Lastebil"


Min lille datakrok





Her sitte altså eg :)
Detter er min lille kosekrok.
Vi har vært så heldig å få skrivebordet og den nydelige stolen av min svigerfar.

tirsdag 9. november 2010

Julestemning


Å så eg glede meg til Jul!!!
Laga desse kremmerhusa i går av papp og ei gammel avis som eg kjøpte på bruktbutikken :)
Er ikkje ferdig med å pynta dei, men kanskje eg får tid til da i kveld ? 
Da flotta lyset har eg fått av ei veninnna. 
Elske bilde som er på da...

lørdag 6. november 2010

Liten gut fortel
av Jan Magnus Bruheim
 
Eg fekk det ordet; eg var tverr
og lei og vrang og sky og skjerr.

Eg ikkje anna høyre fekk
og sturen var eg kvar eg gjekk.

Visst er eg vrang og vond og sur,
men eg må vera slik - dei trur.

Så hende det ein vakker dag 
at alle ting fekk eit anna lag.

Igjennom veggen høyrde eg
at nokon tala godt om meg.

Eg ville ikkje lyde på,
men stilte meg så lett på tå -

Og høyrde før eg smeit meg ut;
"Han er så grei og gild ein gut"

Eg kvakk litt til, men vart så glad 
då eg fekk høyre kva dei sa.

Eg gøymde meg og stod og gret,
men alt ikring vart ljost på let.

Og midt i gråten tenkte eg,
at når dei trur så godt om meg 

Då skal eg jammen syne dei
at eg kan vera god og grei.

Dei godord gjorde dagen bjart,
å du, kor hjartevarm eg vart!







♥ Nytt hekle prosjekt ♥


Dette teppe har eg starta på!
Det skal bli presang til tantebarne mitt som skal få baby i februar.


torsdag 4. november 2010

Kremmerhus til jul ♥


Har laga årets første julepynt. Kremerhuset er laga av papp, det er kledd med silkepapir å pynta med blonder, eit søtt bilde og tyll.

tirsdag 2. november 2010

Pile-kurs




Sist Mandag var eg på eit Pile-kurs i butikken Kvist og Kvast.
Det var utrulig gøy. Eg laga eit stort kremmerhus. 
Skal legge ut bilder av det når eg har funne den rette plassen til det.
Eg var der sammen med Nina,
det er ho som har laga dette flotte stativet

Desse bilda har eg lånt fra Mizziz Dahls nøtteskall 
http://mizzizdahls.blogspot.com

torsdag 28. oktober 2010

Engelen Min

Denne engelen har eg laga for mangen år sidan. 
Er blitt veldig glad i den, å har ikkje hatt samvittighet til å ta den ned etter jul. 
Men synes egentlig den passer heile året eg då.
Lyktene har eg hengt opp på rekved som eg har funne, er veldig fornøyd med dei :)

Ein liten titt inn i stova mi....

Eit lite hjerte glimt i fra stova mi :)
Har tatt inn min heimelaga hjerte le-vegg for vinteren,
ideen til le-veggen fekk eg etter eit besøk i butikken Frk.Lande her på Stord.
Den var litt for dyr for mi lommebok, så da var det heim å "fri"til min snille handyman, som sjølvsagt hjalp meg å lage ein...