lørdag 6. november 2010

Liten gut fortel
av Jan Magnus Bruheim
 
Eg fekk det ordet; eg var tverr
og lei og vrang og sky og skjerr.

Eg ikkje anna høyre fekk
og sturen var eg kvar eg gjekk.

Visst er eg vrang og vond og sur,
men eg må vera slik - dei trur.

Så hende det ein vakker dag 
at alle ting fekk eit anna lag.

Igjennom veggen høyrde eg
at nokon tala godt om meg.

Eg ville ikkje lyde på,
men stilte meg så lett på tå -

Og høyrde før eg smeit meg ut;
"Han er så grei og gild ein gut"

Eg kvakk litt til, men vart så glad 
då eg fekk høyre kva dei sa.

Eg gøymde meg og stod og gret,
men alt ikring vart ljost på let.

Og midt i gråten tenkte eg,
at når dei trur så godt om meg 

Då skal eg jammen syne dei
at eg kan vera god og grei.

Dei godord gjorde dagen bjart,
å du, kor hjartevarm eg vart!







Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar